NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2011-05-16, 12:11
Kaj. Ein ekte forskar les originaldokumentet slik det er, ikkje slik  du kanskje kunne ynskja det var. Eg ber om at du held dette testamentet opp mot reglane for slik gåve.
 
Så denne, i mange samanhengar, opprekna  generasjonsliste: d.h. Birgitta og systra,Katarina gifte seg med brør. Derfor vart Mereta og Ingeborg dobbelt syskinborn.
 
Ingeborg Magnusdotter vart gift med Bengt Turesson Bjelke. Dotter deira, Kristina, vart gift med Nils Magnusson(stolpe)
 
Kristina og Nils fekk dotter, også med namn Kristina. Det er her du tek feil. Når denne Kristina gifter seg med Gerhard Snakenborg, vert borna deira att direkte etterkomarar etter Katarina Birgersdotter. Det er Ramborg som testamenterar. Den heilage Birgitta er mormor hennar og eigedomar ho gjev bort er også arvegods tilhøyrande brørne Snakenborg.
 
Du har sjølv freista å konstruera ei anna Ramborg. Der bomma du stygt.
 
Og så er det ikkje Knut Algotssons gods det er tale om. Han lever framleis. Det er gods etter,Mereta,kona hans, og Ingeborg sitt, det er tale om. Dei to er dobbelt syskinborn. Merk då at Ramborg er Knutsdotter. Det vert alltid sagt at det er Knut som har utanomekteskapeleg jente. Det du skriv om dette her er rein gissing.Eg ber om at du set Ramborg si gåve opp mot gjeldande reglar. Og kvifor alle desse sigillantane?.Helsing Ole