NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2011-03-07, 16:09
I eit slektstidsskrift hadde Kaj Janzon eit innlegg som han kalla: En sparre med något krams dær under.
 
På side 16 og 17 har Kaj sett opp slektstabell. På side 17 fører han opp dei to systrene som er nemnde i Ramborg Knutsdotter sitt gåvebrev 1385, Gyrid og Ramfrid. Foreldrene til dei tre systrene har Kaj ikkje namngitt.
 
Knut Algotsson var gift to gonger. J. Silfving nemner i: Från norra Smålands Medeltid at Knut Algotsson var gift først med Ingegjerd Magnusdotter og 2.g. med Mereta, dotter til d.h.Birgitta.
 
Med Merete Ulfsdotter hadde Knut døtrene Ingegjerd, Ingrid, Katarina og Ramborg. Gyrid og Ramfrid skulle  vera frå det første ekteskapet til Knut Algotsson. Gyrid og Ramfrid var såleis halvsystre til Ramborg.
 
 
NB. Me høyrer i dag lite til at Knut Algotsson var gift to gonger. Og ingen ting om at Silfving kunne ha rett. Då vil det også bli meining i tabellen til Kaj. Helsing Ole