NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 07 juni, 2011
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2011-03-04, 10:18
Anders, Roger og Kaj.Eg har sett fram til at de ville gå vidare i spørsmålstillinga og analysera svara de har fått av fleire her. Kaj Janzon har skrive om Ramborg, men han nemner ikkje at ho kan vera så nærskyld  Birgitte Birgersdotter.  
 
Ingen har nemnt noko om at dei fire underteikna breva kan vera  forfalska. Dei er tvertom berga frå utryddinga som i reformasjonstida vart slike brev til del. Dei personane som signerte, høyrde til sentrale adelsslekter. Ramborg, som er hovedpersonen, kan umogeleg vera nokon annan enn ektefødd dotter av Knut Algotsson og Mereta Ulfsdotter, og sjølv adeleg. Mereta var dobbelt syskinbarn med Ingeborg Magnusdotter. Brørne Gerhard og Heine Snakenborg var såleis av same familien som Ramborg. Dei underteikna ikkje berre som fullmektige, men hadde personleg eigarinteresse i det godset det er tale om. Venleg helsing Ole