NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2006-09-24

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2006-09-24
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2006-08-25, 16:18
Tore. Dette har eg prøva meg på tidlegare. Systersøner tolkar eg som at arvelataren er kvinne og arvtakarane er søner til systra hennar. Systrene har ingen bror i live.(Katarina, Ingjerd og Ramborg)- Ektefødde søner av samfedra systrar.

Syskinborn "kan" vera at arvelataren også har bror(brør) i live. Når arvelataren døyr, får broren dobbelt så mykje arv som systrene. I tillegg har broren førsterett når det gjeld kven som får mogeleg odelsgods. Å vera son til ei syster i dette tilfelle, har lite for seg.

I vårt tilfelle, slik eg ser det, har arvelataren berre systrar i live, Ingjerd og Ramborg. Ramborg får førerett til odelsgods ved at ho har søner.
Lagmannsorskurden er"ektefødde søner av samfedra systrar". Men orskurden seier ikkje at sønene er næraste arvingar, slik Lars tolkar det.
Det Lars risikerar er:Ramborgsønene har ingen arverett til svensk gods. Dersom dei svenske slektningane har betre rett til norsk gods, risikerar sønene ikkje å få noko i det heile.For å unngå dette, plasserar Lars Ramborgsønene i gruppe 16. Men likevel heile tida,kva då med Ingjerd sin arverett? Dette var vel godt svar, Tore? helsing Ole