NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2006-03-17

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2006-03-17
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2006-03-09, 19:51
Lars. Uttrykka ORSKURD og DØMA vert utlagde som om det er vedtak i ei straffesak. Heller ikkje i 1400 var det slik at arvingar vart dømde til arv som om det var eit brotsverk. Lagmannen vitnar at Ramborg hadde tre systersøner som var rette arvingar etter Katarina, av samfedra syster komne.

Kaj. Eg har nemnt fleire gonger at dei fire fagfolka: Ortvedt, Frødin, landsarkivar Kjellberg og Swartling, refererar Ramborg sitt gåvebrev 1374 utan å nemna testament frå 1385. Eg vonar at eg ikkje tek feil her? I komentar frå arkiv(internett) er det i samband med testamentet av 1385 vist til desse fire som om det var samanheng. Så langt som eg kan sjå av kopi frå dagboka 1385 med middelalderbrev, er det ikkje vist til gåvebrev 1374. Sjølve testamentet er på latin og sterkt skadd.

Enno har eg ikkje funne noko Ramborg Knutsdotter som har sterkare tilknyting til Birgitta sitt hus ved Alvastra enn Ramborg i Ryfylke som var syster til Katarina. Mannen til Birgitta og ein son var gravlagde ved Alvastra. Etter notidig tankegang synest det sjølvsagt at heile familien hadde nær tilknyting til, ikkje berre Vadstena, men også til Alvastra kloster.

Birgitta budde, saman med nokre born, ved Alvastra i ei tid då Mereta truleg hadde det vanskeleg i sitt første ekteskap Helsing Ole