NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2006-01-05

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2006-01-05
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2006-01-01, 17:35
Bengt og Kaj. Det er fint at de forskar vidare. Reformasjonsiveren har øydelagt mykje og dokument og brev er forfalska eller retta på i avskrift.

Har ved eit par høve vist til Otto Frødin: Alvastrabygden under medeltiden. Doktorgradavhandling frå 1919.På side 93 skriv han at landsarkivar Kjellberg og pastor Ortved har gjort han merksam på det uvanlege pergamentsbrevet frå 1374. Han nemner ikkje andre brev frå arkivet. Frødin skriv om dette brevet på ein slik måte at han sikkert ville ha nemnt andre tilhøyrande originaldokument dersom dei fanst. Eg må vel, slik Kaj nemner, lesa meir? Godt nytt år!