NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2006-01-05

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2006-01-05
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2005-12-29, 15:51
Kaj! Dersom Helena var gift og hadde born, vil dette forsterka det som eg har nemnt om morgongåve. Det er mange slag eigedomar som er med i gåver og testament frå Ramborg. Noko av dette godset er nemnt som morgongåve. Me ser det att seinast i 1406. Ramborg testamenterar denne morgongåva åleine, utan at andre er med eller protesterar. Dette må tyda at morgongåva styrer Ramborg med åleine.

Viser så til det du har nemnt om arv av morgongåve. Dersom Ramborg ikkje hadde born då Tuke døydde, ville ho sitja att med morgongåva åleine. Ho kunne testamentera det eller gjera med det som ho ynskte. Og det er slik det også var.

Dersom Helena var Ramborg si dotter, var morgongåva også Helena sin arv. Morgongåva ville då ikkje vore nemnd i det heile. Me må gå ut frå at dei fylgde lovverket slik det var då.

Slik sluttresultat viser seg i 1385 og 1406 kan det tyda at Ramborg her ikkje hadde born.
helsing Ole