NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2005-12-28

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2005-12-28
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2005-12-28, 12:43
Kaj! Tankespinn omkring det tredje siste avsnitt i ditt siste innlegg.

1374-gåva til Alvastra er godkjend av slektningane til Ramborg. Dersom noko var morgongåve, ville slektingane her vera foreldra til Ramborg og syskena hennar. Dersom Ramborg hadde ei dotter, måtte ho vera nemnd her også som medsigilant. Først ved testamentet i 1385 vert Helena Karlsdotter nemnd. Det kan då tyda på at Helena ikkje var Ramborg si dotter. Dette kan også tolkast slik kva gjeld gåvebrevet i 1406. Her får me vita at det gjeld morgongåve, og heller ikkje her er nemnd noko dotter.

Kven er i tilfelle nemnde som slektningar i 1374?.
Helsing Ole