NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2004-07-12, 10:09
Løberg
Heilt samd med deg. Men du brukar nokre harde ord. Eg er for gamal til å kjenna meg vel mellom ord som frilledotter eller "Å få born i hor" Vigerust er meir fintfølande, han brukar ord som ektefødd eller uektefødd.
Eg ville vera takksam om du først hentar ned hit hovedkonklusjonen til Vigerust. Medan du gjer det kan eg fortelja kva eg er samd med deg i:

A. Det står ingen stad i lagmannen si ordskurd at Ramborg er uektefødd og står i arvegruppe 53.

B. Sønene til Ramborg og Gard er dei beste arvingar som finst.Men lagmannen greier ikkje å få dei i lægre arvegruppe enn 23:Ektefødde søner av samfedra syster.

C. Det står ingen stad i det me har skrive om hittil at det var sønene som fekk arven.

Med helsing Ole