NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2004-07-05, 18:58
Gode Løberg
Takk og pris for at du viser interresse. Det er vel slik at det likevel ikkje er så klart. Det vert ikkje sagt noko om Ramborg, men at gutane er ektefødde søner av samfedra syster.
Det Gard ber lagmannen om er å vitna om opplysingane . Andre arvingar må senda inn arvekrav for seg.
Før rettsmøtet må det liggja føre ei registringsliste og liste over arvingane. Ingen var sikker på om det kunne dukka opp ein "ektefødd gut av samfedra SYSKEN"
Hadde me hatt liste over alle godkjende arvtakarar, her også Ingegjerd,først då kan du seia kven som arvar. Det går ikkje fram at borna arvar og me ser av referata at det ikkje har vore så einfeldt.Det har vore harde tak og Hesbø vart tidleg avgjord. Det kom til KOMPROMISS.Kva det gjekk ut på veit me ikkje.
Dei to siste avsnitta i innlegget ditt er ikkje i samsvar med dei breva me har frå Båhuslen Festning. Ingen ting der viser at borna arvar. Dei har visseleg arvrett, men ikkje at dei står åleine som arvingar eller kjem føre mor si.
Det er flott at innlegget ditt er så innhaldsfullt. Likevel har du ikkje fleire opplysingar enn P.A.Munch og eg sjølv. Me har motsett løysing.
venleg og optimistisk helsing Ole