NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2004-07-01, 23:49
Peter Karlsson
Eg for min del har freista å halda meg til skiftesaka på Båhuslen festning i 1409.
Her har me eit døme på å ha skriftlege kjelder. Gard Toresson sender inn privat arvesøksmål. I dette brevet måtte det også stå at Ramborg var uekte. Dette gjer det ikkje.
Det som står : At han og Ramborg hadde ektefødde søner av samfedra systrar.
Dette er eit uttykk som står i lova.Nemnda ville gardera seg om det likevel var betre prioriterte.Svartedauden var i femtiåra før.
Det einaste som kunne tenkjast som var betre var "Ektefødde søner av samfedra sysken". Her ville det også vera ein eller fleire brør. Dette ville vera katastrofe for familien Ramborg og Gard Toresson.
Alt det andre som vert fortald her om Ramborg er gissing. Til og med opplysingane om Mereta er er sparsame. Kunnskapen om norsk arverett, odels-og åsætesrett er tydeleg mangelfull.
Med venleg helsing Ole