NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2004-07-13
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2004-06-28, 10:50
Mine gode vener.
Eg skjønar at de har store vanskar med å godta at Ramborg var ektefødd slik som dei eldre norske sogemennene tolka kjeldene. Det einaste skrivet der Ramborg er nemnd var i brevet frå Gard Toresson til skifteretten.
Som lagmann hadde han som yrke å løysa juridiske problem. Han nytta juridiske uttrykk når han uttala seg til retten.(derfor uttrykket jurist.
Av det siste som de skriv skjønar eg at de ikkje har lese det vesentlegste:
a. Den norske arvelova der alle arvegrupper er nemnde. T.d. sammødra sysken(same mor) og samfedra sysken(same far).
b. Odelslova
c. Åsætesretten
Vidare bør de ha fram for dykk referata frå skiftesaka i 1409 på Båhuslen festning.
Dei fire systrene var samfedra systrar. Ei eller fleire av dei kunne ha ulik mødre. Ei uektefødd syster kunne ta arv, men ho sto langt nede på arvelista. Dersom Ramborg ikkje var heilsyster, måtte dette nemnast i arvekravet frå Gard. Men breva frå retten viser at Ramborg også har fått motbør. Dersom ho var uektefødd hadde ho ingen ting i retten å gjera, ho hadde ei samfedra syster i Vadstena, og Gard kunne seia det nødvendige
Ein ting som eg synest å lesa av innlegga dykkar: De ser bort frå at ein VANLEG norsk familie har for det meste berre ektefødde born. Før var det ofte at mora døydde i barselseng. Då kunne mannen gifta seg oppatt og få born med den nye kona.
Dersom det berre var jenter i syskinflokken ville det stå samfedra systrar.
Dersom det var både gutar og jenter ville det stå samfedra SYSKEN. Det er her odels- og åsætes retten kjem inn og skapar problem.
Eg skal her avslutta slik eg byrja: Du kan ikkje av sjølve rettsaka utan vidare slutta at Ramborg var uektefødd. I tilfelle må de ta mykje gissing til hjelp. No har eg gått gjennom fleire av dei artiklane de har nemnt. Ingen har sjølvstendige prov på at Ramborg var uektefødd. Her vert det gissa mykje.
Eg er takksam for at de stiller ulike spørsmål. Eg merkar godt at eg må lesa heile tida for å kunna svara slik eg meiner er rett.
Eg har stor vyrdnad og takksemd overfor Anbytarforum som har teke inn dette. Vonar at det er til stor hjelp i vidare gransking.
helsing Ole