NULL Skriv ut sidan - Heliga Birgitta

Anbytarforum

Titel: Heliga Birgitta
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2011-07-15, 09:19
Niclas. Eg høyrdes kanskje irritert ut i siste innlegg. Det var ikkje mitt ynskje. Det eg ynskjer er at du, i denne samanhengen, les dei fire dokumenta om Ramborg. Du har fotografert eitt frå 1374. Det er yttarlegare tre, les dei slik dei er og legg ikkje til eller trekk frå noko som helst.  
 
Og så er det berre ei Knutsdotter. Dotter til Knut Algotsson. Men i denne samanhengen er ho også dotter til Mereta. Det ser du på eigedomane ho arvar. Ei uektefødd Ramborg ville ikkje arva i det heile.
 
Så historia om Snakenborg. Litteraturen,du har fotografert av, handlar også om etterkomarane etter Katarina, syster til d.h. Birgitta. Dei to systrene gifte seg med brør. Ingeborg Magnusdotter og Mereta Ulfsdotter hadde lik arverett etter foreldra. Når Ingeborg arvar etter sine foreldre, vil Mereta også arva av same godssamling.
 
Når dronning Margareta refsar brørne Snakenborg etter slaget ved Åsle, inndreg ho verdiar som også etterkomarane etter d.h. Birgitta var arvingar til. Men det var nok ikkje så einfeldt for Dronninga å refsa slekta til d.h. Birgitta og Mereta, som jo var hoffdamer.Ja, besteveninner med dronninga.
 
Du har ved fleire høve nemnt at eg rør i hop alleRamborger og brukar den som passar. Det er fleire som har freista å finna fram til den rette Ramborg. I denne samanhengen er heile namnet Ramborg Knutsdotter. Dei finn ikkje fleire Knutsdøtre med dette namnet, fødd på same tid, gift med namngjevne personar, arving til kjendt arvegods. good luck, Ole