NULL Skriv ut sidan - Heliga Birgitta

Anbytarforum

Titel: Heliga Birgitta
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2010-02-20, 10:15
Benny. Du har sikkert eit flott slektstre. Med oldemødre, tip,tip,ja,til og med mor og far. Då er det fantastisk å kunna få så mykje hjelp og støtte gjennom svenske Anbytarforum og norske Digitalarkiv. I tillegg er det mykje moro å fylgja med. Det undrar meg derfor at så mange grip til personlege komentarar og ufine formuleringar.
 
Når me kjem så langt attende som til 1300 er det sjølvsagt at me trår varsamt i hellet. Me småfolk må då ta til takke med det ekspertane fortel oss. Enkelte slektsgreiner er  tydelegare enn andre, det er fleire skriftlege kjelder. Når forskninga viser at du kanskje har slektsgreiner og kvistar så langt attende og heilt innpå slekta til t.d. den heilage Birgitta, då synest eg at det er sjølvsagt at friske, slektsinteresserte eldre folk vert engasjerte. Det gjeld å lesa og å fylgja med.
 
Ei hending på svensk side dukka opp i året 1357. Då står det at Knut Algotsson rømde til Noreg med familien sin. Broren til Knut, Bent, rømde også frå landet, til Danmark?. Knut og kona vart straks engasjerte ved det norske hoffet, kona, Mereta, vart til og med hoffdame. Borna vart barndomsvenninner med Margrete. Familien Knut Algotsson levde mange år i Noreg. Døtrene gifte sg med norske, kjende personar. Deira livssoge er utruleg lite kjend i Sverike. Familietiltaket Vadstena kloster, er merkeleg lite omtala.
 
Reformasjonen har sanert mykje av kjeldematerialet. Det kan me tenkja oss ved synet av dei nedbrotne klostra. Eg vonar no at du Benny, også som foreningsmedlem, vil engasjera deg i sjølve saka. Om ikkje du då får meir ut av det enn det du nemner i siste innlegget,så vil du ha stor glede av å studera det felles materialet, familien Knut Algotsson. Venleg helsing Ole