NULL Skriv ut sidan - Aspenäsätten

Anbytarforum

Titel: Aspenäsätten
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2006-06-09, 16:02
Kenneth. Svaret mitt er eit absolutt ja.
 
Jfr. Marcs og mitt siste innlegg. Ramborg Knutsdotter testamenterar til Alvastra i 1374. Då er Karl Tjalvesson sigillant. Då er nemnd at ho var enkje etter Tuke Petersson. Det er ikkje nemnt at ho hadde vore gift før med ein Karl Bengtsson og hadde med han ei dotter Helena.
 
I 1385 testamenterar Ramborg meir til Alvastra, men då er dotter Helena med, og første mannen nemnd.
 
Kaj viser ein stad til ein diskusjon med konstiga innlegg vestifrå. Men så skriv han vidare:Men det kan uppenbarligen komma før mig obegripliga inlegg even från andra vederstrek.
 
Dette som Kaj her nemner, oppmuntrar meg sterkt. Det kan også koma merkelege ting også frå andre himmelstrok, ikkje berre frå oss i vest. Fire ekspertar, Ortved, Frødin, stadsarkivar Kjellberg og Inger Swartling omtalar det første brevet, men nemner ikkje det andre brevet, at ho hadde vore gift før, eller hadde dottera Helena. Dette må vera eit såkallaobegriplig inlegg? helsing Ole