NULL Skriv ut sidan - Abildgaard

Anbytarforum

Titel: Abildgaard
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2008-01-18, 11:54
Har venta på innlegg her i mange år. Hadde vona at Kaj engasjerte seg meir. Det eg hugsar(frå lenge,lenge sidan) var at Vincents Lunge(dansken) kjøpte eit gods på øya Orust, sydvest for Uddevalla i Båhuslen. Godset ligg i nærleiken av den vesle byen Henån. Her hadde slekta Bild sete. Slekta hadde også gods i Noreg, og slekta levde lenge både på Orust og i Østfold. Eg morar meg med å tru at utanriksministeren i Sverike i dag har røter til godset på Orust. Men,Men.
 
Dansken Klitgård(postmeistar eller tollar)har skrive om danske gods.
 
Men det interessante her er at slekta Bild også hadde røter til Abilgaard. Det siste eg registrerte var at ei fru eller frøken Bild i Østfold kjøpte Abilgaard. Ho skulle betala med anna gods ho åtte i Danmark. Dersom det vart for lite, skulle ho også betala med gods som ho åtte  både på Austlandet og Vestlandet i Noreg.Korleis det gjekk har eg ikkje sett noko om. med forventning Ole