NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 19 oktober, 2010

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 19 oktober, 2010
Skrivet av: Frode Myrheim skrivet 2009-04-28, 11:29
I mitt arbeid med bygdeboka for Høland har eg komi borti ein syskenflokk som truleg er born av ein Erland Eriksson frå Tveta sokn i Värmland. Følgjande born av Erland er kjent: 1) Botolv, f. ca. 1640, brukar av Brautmet; 2) Eli, d. Natterud i Båstad 1685, gift 1. med Torer Kristensson fra Natterud, gnr. 168, gift 2. 1678 i Trøgstad med Hallvord Trondsson frå Store Hov, gnr. 112, brukarar av Natterud, gnr. 168, alle i Båstad; 3) Live, busatt på Natterud; 4) Inger, gift med Hallvord Olsson, brukar av Nistua Ødeby, gnr. 90, bnr. 1 på Enebakkneset; 5) Sten, f. ca. 1641, brukar av Brautmet etter sin bror Botolv.
 
I Statholderskapbets Extractprotokol, b. 3, s. 12 (Norske Riksarkiv) fins følgjande:  Ioen Erichsøn och Erland Erichsøn, af Tueta sogen udj Suerrig andrager, at dennem effter derisz afgangne broder Anders Ericsøn som barneløsz døde paa Brøtmodt i Høllands prestegield wed nest forleden paasche tid ao. 65 er til falden nogen ringe arfue part, saa som noget fastegods, hand udj bemte gaard Brøtmot hafde kiøbt, och der foruden nogen løszøere som schall wære ned satt i forvaring hoes bonde lenszmanden i Rachestad sogen, nafnlig Suend Rachestad, huilchen derisz tilfaldende arf de ere hidkomne at afhente, begierer der fore at ko. ma. foget der paa stedet saauelsm bunde lenszmanden maa befahlesz at lade dennem samme arfue part wære følgagtig. Dat. D. 25 ianuarij 1666. [Tiltredes].
 
Som det framgår hadde de to brørne Jon og Erland Eriksøner ein bror ved namn Anders som var busatt på Brautmet i Høland, og som truleg er identisk med den Anders som er nemnt som medbrukar saman med Botolv (truleg brorsonen, son av broren Erland) ved prestemanntalet i 1664; nemnt å vera født i 1624.
 
Er det nokon som kjenner til desse brørne, og i såfall kor dei budde og deira herkomst?