NULL Skriv ut sidan - Näsinge

Anbytarforum

Titel: Näsinge
Skrivet av: Anfinn Bernaas skrivet 2012-03-27, 13:25
Eg søkjer opplysningar om, Anna Christina Nilsdotter f. 1824 på Stora Ytten i Näsinge som dotter av Nils Olsson og Oleana Kristensdotter. Anna Christina Nilsdotter er farfars mor til min ektemake. Eg finn henne saman med foreldre og sysken i husforhørlengdene frå Näsinge SE/GLA 13414 Näsinge A1:2 (1825-46) Arkiv Digital (bild 33 - side 14, bild 57 - side 17, bild 102 - side 29, bild 119 - side 19, bild 139 - side 25, bild 211 - side 50, bild 343 - side 47). På denne siste, bild 343 - side 47, er alle overstrokne og på Anna Christina er notert P. eller T. 52. Kva tyder det?  
 
Det er truleg denne Anna Christina (24 år) som er innflytt til Halden i 1842, protokollført i 1844 side 513 nr. 52 i Halden ministerialbok 1845-56, protokollført i 1844 side 516 nr. 55 i Halden klokkarbok 1845-54.  
 
Eg finn ei Stina Nilsdotter på Sør-Ytten som utflytt frå Näsinge til Noreg 24. oktober 1842. Men ho skal vera fødd 10. oktober 1820, og det får eg ikkje til å rime.  
 
Kan nokon med lokalkunnskap hjelpe meg her?