NULL Skriv ut sidan - SV: Roos / Ros / Rosch / Råsch

Anbytarforum

Titel: SV: Roos / Ros / Rosch / Råsch
Skrivet av: Jan bjørn ekanger skrivet 2018-05-06, 22:58
Litt info om Andreas Ros 

Drapet på Johan Friberg og lagnaden til Anders Gustav Nordstrøm
Folket i Vestra Tunhem vart etter kvart svært trøytte av Rosarnas herjingar og tjuveri på siste halvdelen av 1800-talet. Sumaren 1873 bestemte Johan Friberg, f. 1836 -1873 og Anders Gustav Nordstrøm, f.21.3.1850 – 1942, seg for å riva huset (stugan) til Andreas Ros, medan han var borte på ”loffarferd.” Dette ville gjæra det vanskeleg for Ros å busetja seg igjen i V. Tunhem, og ein kunne bli kvitt han. Då Andreas kom attende seinare på sumaren, fant han huset sitt nedreve. Ein kan berre tenkja seg korleis Andreas reagerte, men at Andreas vart svært sint, er det vel ingen tvil om. Noko seinare kom ikkje Johan Friberg heim etter arbeid på jernbanen. Dagane gjekk men Friberg vart ikkje funnen. Utpå hausten -i oktober, fant to rallarar levingane  etter ein person i ei myr. Ein kunne ikkje sjå kven personen var, men hustrua til Friberg – Maria Kron, kjende igjen både kleda og skoa. Det var mannen hennar -Johan Friberg. Han var skoten i bakhovudet.  Andreas Ros vart straks mistenkt for drapet, men då han nekta og lensmannen sto utan bevis, vart det ingen rettargong mot Andreas.
Anders Gustav Nordstrøm, som var saman meg Friberg om å riva Andreas sitt hus, vart  sikkert redd for at det skulle gå same vegen med han også. I 1876 reiste han frå Småland og  over til Vaksdal i Norge, ca. 50 km frå Bergen, og berre 10 km frå der Karl August Ros (oldefar)slo seg ned på same tid. Han vart gift med Kari Eriksdotter Fardal i 1878, og dei fekk 2 born. Nordstrøm var grovsmed og han fekk arbeid ved Jernbanen og i Gravhalstunellen, den lengste tunellen mellom Bergen og Oslo på den tid - 5311 meter. Han flytta i 1882 til Sauda, ei bygd lenger søraust på Vestlandet. Her fekk han arbeid i sinkgruvene i Allmannajuvet , 2-3 km frå Sauda. Sinkgruva er i dag museum og ligger tett til riksvegen frå Sauda og austover. Han vart gift med Anna Teig, som vart hans andre hustru. Dei fekk ingen born.  Om Nordstrøm seies det at han var svært religiøs, og kunne bibelen frå perm til perm. Soknepresten i Sauda på den tid - Morten Lerø, forretta under gravferda til Nordstrøm og skal der ha sagt: «Etter å ha snakka med Nordstrøm, fant eg ut at eg hadde liten kunnskap frå bibelen. Av oss to var det eg som lærte mest» Det var noko eventyrleg over Nordstrøm. Han hadde levd eit omflakkande liv. Det vart fortalt at då han var 17 år, vart det halden tvangsauksjon over farsgarden i Sverige. Den unge guten kunne ikkje utstå dette og gjekk mot lensmannen og slo han i bakken. Han rømte og viste seg sidan aldri heime.
I Sauda-lensmann Olav Risdal si Oppholdsbok frå 19.10.1932 står det at Nordstrøm kom til Norge frå Småland i 1876 og er statsløs, sjølv om han hadde budd i Norge i 56 år. ”Ja,ja Andreas Gustav Nordstrøm, du fekk ikkje noko fedreland, men ein god stad å bu i - Sauda-bygda”. Han vart værande i Sauda inntil han døydde 1942, 92 år gamal. Han hadde då budd i Sauda i heile 60 år.