NULL Skriv ut sidan - Åsberg

Anbytarforum

Titel: Åsberg
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2003-01-30, 20:18
Kjære Malik Faltin og Bo Lindwall:
Eg kan koma med nokre utfyllande opplysningar om Karl Petter Bodin, dersom det er av interesse. Han reise nemleg mykje i Norge med kona i åra frå 1828 til 1845. Men eg har i mitt materiale aldri sett henne nemnt Bøø, som Bo Lindwall nemner henne. (Derimot er ei anna samtidig Marta Olsdatter (Brun), kona til Bernt Andersen Vang, skriven Boe eller Bøe ved nokre høve. Og dei kan ikkje vera identiske. Marta (Vang) var født ikring 1815, Marta (Bodin) må vera født ikring 1808-1810 eller tidlegare. Då Marta og Karl Petter døypte dottera (kanskje den eldste) Johanne Wilhelmine i Trysil i 1828, er ho skriven Marta Olsdatter Talset.  
Karl Petter var eigentleg ingen Bodin. Det familienamnet tok han etter stefar sin Hans Olsen Bodin som reiste med mora medan han voks opp. Mora var Johanna Maria Søderstrøm som tidlegare hadde reist (mellom anna i Norge eit par gonger i åra 1806-1808) med ein Johan Faltin som eg meiner må vera far til Karl Petter. På eit pass til Karl Petter frå 1835 er mora rett og slett skriven Johanna Maria Søderstrøm Bodin el. Faltin.
Mora Johanna Maria var dotter til ei Kristine Ålberg som i alle høve i åra frå 1807 til 1810 nokre gonger reiste i Norge med mannen sin Petter Åberg.
Dette så langt eg har funne fram i farten. I von om at det kan vera til noko nytte;
vennleg helsing
Arnvid Lillehammer