NULL Skriv ut sidan - Hagen, van der

Anbytarforum

Titel: Hagen, van der
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2008-10-29, 20:26
Eg kan ikkje seia kven Ulrika/Ulrikke Upstedt/von Heien var, men i det minste hadde ho forbindelse med tre ulike menn. Den eine var Carl Gustav Upstedt som eg ikkje kan sjå reiste noko særleg i Norge. Andre mannen var ein Wilhelm som eg heller ikkje har klart å identifisera. Men det er jo litt påtakeleg at det i neste generasjon finst ein Vilhelm Petterson von der Hagen som nemnt over her. Lange-Lorens Wilhelmsen bar namnet sitt med rette. Han var etter aldersoppgavene i passa født ca 1786-1791 og var heile 73 tommar høg, det vil seia ca 190 cm!!! (Sonen Lorens Aleksander var forresten heller ingen smågut etter den tids målestokk. Han var ca 180 cm). Det siste barnet til Ulrika var altså dottera Anne Marie som ho fekk i 1797 med Andreas Falk. Det ser ut til at Andreas Falk kom over til Norge saman med ein kamerat som heitte Lars Holm i første halvpart av 1790-åra; då er det sagt at dei begge var deserterede fra Kongeriget Sverige. Siste gong eg har funne Ulrika nemnt i norske kjelder, er då ho var innom fogden på Toten for å få pass påskrive 5. mai 1825. På eit pass som ho fekk i Kongsberg 15. mai 1824, er alderen oppgitt til 82 år. Altså skulle ho vera født ca 1742, men eg finn det rimeleg at denne alderen er noko for høg. I håp om at dette kan vera av interesse. Vennleg helsing Arnvid L.