NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 16 oktober, 2005

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 16 oktober, 2005
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2004-08-19, 11:55
Hei alle!
Her kjem ein interessant opplysning om Karl Magnus Erlandssen (sjå og under Stålberg). På eit pass til kopparslagar Johan Fredriksen og kona Anna Kaisa Hermannsdatter frå 1835 (som er det første året eg har registrert Karl Magnus Erlandsen i Norge) er det sagt at Karl Magnus Erlandsen er HALVBROR til ovennevnte kone. Dette er einaste gongen eg har funne dette, så det må sjekkast opp mot andre kjelder. Men dersom så er tilfelle, får me dette oppsettet:
HERMANN    g.m. N.N. som og var g.m. ERLAND
   /                                         /
ANNA KAISA HERMANNSDATTER KARL MAGNUS ERLANDSEN 
                  (halvsøsken)
  f.ca 1813                     f.ca. 1812-14
Dette er trongt, men kan teoretisk stemma sidan eg ikkje har eksakt fødselstidspunkt på dei to halvsyskina.
Johan Fredriksen og Anna Kaisa Hermannsdatter har eg opplysningar om frå 1829 til 1847. Han og Anna Kaisa fekk fire born som eg kjenner til: 
a. Helena, dpt. 1829 i H?land (truleg død lita)
b. Fredrikke Lovise, dpt. 1830 i Hof, men 
   visstnok født i Bergen.   
c. Karl Gustav, dpt. 1833 i Hobøl
d. Anne Ulrikka, dpt. 1836 i Fåberg, grl. 1840 i   
   Skjeberg
Johan er den første tida kalla omreisande kopparsmed, men frå midten av 1840-åra helst skriven kam- og vevskeimakar. Etter aldersoppgåvene på passa skal han ha vore født ca 1774-77. Han sa han var født i Bergen, og han hadde brune auger og svarte hår.
Anna Kaisa var langt yngre. Etter aldersoppgåvene var ho født ca 1813, og etter det ho sa født i Lappmark (sagt i 1843) eller fra Hammerfest i Finnmarken (sagt i 1833).
Kanskje dette kan føra oss på sporet av Karl Magnus sine foreldre?
Vennleg helsing
Arnvid Lillehammer