NULL Skriv ut sidan - Skänninge

Anbytarforum

Titel: Skänninge
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2003-12-19, 13:04
Anders
Dersom du med "Reinholtætta" meiner den norske ætta som Grisilla høyrde til, stemmer ikkje dette. Den første Reinholt me kjenner der, var født ikring 1715, og far hans - Kasper - må såleis vera født seinast ikring 1690. Og "norske" Kasper var truleg død før 1744. Då reiste nemleg kona hans, og mor til Reinholt, med ein ny mann. Eg er forresten for tida i ferd med å skriva ut ein artikkel om desse folka, med tittelen "Grisilla og folket hennar", som eg vonar å få ferdig om ikkje for lenge. Der nemner eg også nokre andre familiar i 1720-åra der namna Kasper og Reinholt dukkar opp, ein gong i samband med familienamnet Hartmann. Ein Henrik Hartmann døypte sonen Kasper Reinholt i 1722. Dette høver betre med alderen på den Kasper Reinholt som gifta seg med Cajsa Lisa Schenstrøm i 1759. Men dette kan berre framtidige granskingar klargjera.
Vennleg helsing
Arnvid Lillehammer