NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 19 maj, 2008

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 19 maj, 2008
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2008-05-14, 21:48
Eit tillegg, og kanskje eit skot i blinde: Eg har ei Valborg Pedersdatter som i 1746 døypte sonen Isak i Sauherad i Telemark. Barnet var et fremmed barn (altså høyrde ikkje mora til i Sauherad), og det vart rekna som uekte. Far til barnet var ein Peder Isaksen, soldat. Teoretisk sett kan dette vera den same Valborg som ein gong mellom 1746 og 1750 har skilt lag med Peder Isaksen og slått fylgje med Fredrik Eriksen, medan Fredrik har skilt lag med Kirsten Jakobsdatter, eller at ho var død. Men OBS!!! Dette er berre ein flygetanke! Vennleg helsing Arnvid.