NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 19 maj, 2008

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 19 maj, 2008
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2008-05-14, 21:40
Etter mine notat, var Fredrik Eriksen og kona Kirsten Jakobsdatter saman med Ingeborg Toresdatter i 1741 medvidere og udi komplot med desse tjuvane: Tobias Hageberg (nemnt over her), Jakob Falberg og Anders Vadrum(om eg har lese rett). Det kjem fram at Fredrik og Kirsten budde i ein avkrok og hadde tatt inn i huset sitt urigtige personer, som vel helst var dei tre ovanfor nemnde karane. Elles sa Fredrik under forhøyret at han og kona hadde budd på garden Kosnesesei(?) i Avendal sokn (eller er det Arendal? eg var visst litt rask då eg tok notatet) hvor han har ernæret sig, hustru og børn med messingarbeide og at fortinne kobber, som er hans profesjon. Dei tre blei, som du Anne nemner, dømt at vige og reise av Kongens riger og lande og hen til Sverige hvorfra de er kommen, men dette vart gjort om til festningsarbeid for Fredrik og tuktusstraff for dei to kvinnene. Då bad Fredrik så fint om han ikkje kunne få fylgja kona i tukthuset i staden for å bli send til festningen, og slik vart den endelege dommen. Eg har heller ikkje funne dei seinare, dersom denne Fredrik ikkje skal ha funne seg ei ny fylgjekone. Eg har nemleg ein Fredrik Eriksen som i 1750 døypte sonen Ole på Stord i Sunnhordland med ei Valborg Pedersdatter som mor til barnet. Dei kom då frå Sør-Huglo i Fjellberg (også i Sunnhordland) med det nyfødde barnet og gav seg ut for ektefolk frå Hafslo i Sogn, men dei var eigenleg fanga av fogden Christopher Garmann i Ryfylke og sende til Bergen som landstrykarar. Men dette kan sjølvsagt vera ein heilt annan Fredrik Eriksen.
(Det Vester Jytland som er nemnt av deg 13. mai, Anne, er vel Vester Gylden, eller i dag Vestergøtland).
Vennleg helsing Arnvid.