NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 2007-01-09

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 2007-01-09
Skrivet av: Ole Gilje Dale skrivet 2006-11-12, 09:00
Lars. Eg ser det som lite konstruktivt at du og eg og ikkje minst Tore Fuglestad drøftar juridiske definisjonar. Av innlegga går tydeleg fram at ingen av oss har fagleg teoretisk grunnlag.
I eit tidlegare innlegg har eg framlegg om å få ein profesjonell diskusjon i Genealogen. Utan resultat.

Trur likevel at våre svenske vener veit kva orskurd tyder. Det latinske ordet "decisio" var også kjent i grannelandet. I alle høve kjende dei godt til ordet på Båhus slått i 1409. På møtet der vart lagmannsorskurden lagd fram i original, utan tilleggsmerknader av nolevande.

Eg er no oppteken av at våre svenske vener drøftar svenske dokument. Ramborg Knutsdotter testamenterte til Alvastra i 1374 og 1385. Sigillantane her er i båe tilfelle nære slektingar til Mereta og Knut. Hadde Knut Algotsson born med Ingjerd Magnusdotter, første kona?. Dei var i tilfelle halvsystrar til Ramborg.Var Helena Karlsdotter fødd før Karl gifte seg med Ramborg?.

Dette har Kaj og Anders truleg tenkt på mange gonger. Helsing Ole