NULL Skriv ut sidan - Äldre inlägg (arkiv) till 25 september, 2005

Anbytarforum

Titel: Äldre inlägg (arkiv) till 25 september, 2005
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2002-09-30, 12:41
Kjære Gabriel Wallgren og andre som måtte sitja inne med kunnskapar om Wetterberg.
Under Vimmerby nemner du familienamnet Wetterberg i Skøvde. Eg kom i farten i fare for å legga spørsmålet inn der og beklagar det, men nå flyttar eg det til sin rette plass. Eg har ein Niklas/Nikolas Wetterberg som var på handelsferd til Mjøstraktene i Norge i slutten av 1720-åra. Han seier sjølv at han var frå Skøvde. Han er dei fleste gongene nemnt berre med familienamn, men EIN gong er han skriven LARSSON. Eg er usikker på om dette er rett, men er det noko som har kjennskap til om det finst ein slik Lars (Wetterberg?) i Skøvde ikring 1690-åra (då Niklas truleg var født) som kan vera far hans, og i så fall kva familie han høyrde til?
Vennleg helsing
Arnvid Lillehammer