NULL Skriv ut sidan - Vimmerby

Anbytarforum

Titel: Vimmerby
Skrivet av: arnvid lillehammer skrivet 2002-09-30, 11:10
Gode Gabriel Wallgren.
I forlengelsen av innspelet ditt frå 29.september: Kjenner du til nokon Lars eller Niklas/Nikolas mellom dei som skreiv seg Wetterberg i Skøvde på 1700-talet? Eg har ein Niklas (el.likn.) Wetterberg som var på handelsreis ved Mjøsa i slutten av 1720-åra. Han er for det meste skriven berre med slekstnamnet, men EIN gong er han skriven Larsson. Eg er usikker på kor rett det er, men dersom det er rett, må denne Lars (Wetterberg?) ha fått sonen Niklas seinast ein gong i 1690-åra.
Beste helsing Arnvid Lillehammer